DÅ VERDA KOM TIL HELGØY


Det var utruleg nok å få bru. Men, at så mange ville koma å feira bruopninga saman med oss, nei det virka som eit surrealistisk eventyr. Men, for eit eventyr det blei.

Festhelga me har lagt bak oss ligg som eit magisk minne for resten av livet.

Me er stolte, rørte, lukkelege og grenselaust glade for alle som bidrog til festen.

Takk til alle som har stått på for å fiksa fest, til dei som laga mat, dei som serverte, organiserte, vertsskapifiserte,

ordna teknisk, logistikkmessig, som smilte, sprang, deltok, åt morellar, henta, løfta, fiksa, sponsorifiserte,

rydda, kom, song, jubla og gjekk over brua.

At me på Helgøy fekk bety så mykje for så mange, og at så mange fekk bety så mykje for oss på Helgøy, er det berre å seia tusen, tusen takk for!

Me er letta og glade etter Helgøys viktigaste helg nokon sinne.

Me har lyst å ta vare på historiane og fortelje dei vidare. Kanskje er det noko ein kan lære om livet før i tida og verdiar som er bra å ta med vidare.